Results

Government of Norway

06/17/2019 | Press release | Distributed by Public on 06/16/2019 23:56

Priv. til red.: Samferdselsministeren til Sandefjord, Larvik og Arendal tysdag 18. juni

Samferdselsminister Jon Georg Dale er tysdag 18. juni i Sandefjord, Larvik og Arendal, og inviterer pressa til å vere med på deler av arrangementa.

ProgramKl. 10.15-11.45: Synfaring og møte på Torp Sandefjord lufthamn.

Presse som ønskjer å delta, må melde inn namn, fødselsdato og mobilnummer til pressekontakt Edvard Andersen: [email protected], mobil: 90511667.

Kl. 12.15 - 13.00: Møte om ny jernbanetrasé gjennom Larvik by på Larvik stasjon. Møtet skjer i regi av FrP lokalt og er ope for pressa. Kontaktperson for pressa er statssekretær Allan Ellingsen (mobil: 957 84 675).

Kl. 15.00 til 18.00: Nasjonal transportplan 2022-2033 - Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder, på fylkeshuset i Arendal (Ragnvald Blakstadsvei 1)

Samferdselsminister Dale har møte med fylkeskommunane Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Tema er innspela deira om kva som er dei viktigaste transportutfordringane i arbeidet med komande NTP.

Merk: Møtet på fylkeshuset er ikkje ope for pressa.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen (mobil: 905 11 667)

Innspela til NTP-arbeidet finn du her

Meir om komande NTP 2022-2033