NVE - Norwegian Water Resources and Energy Directorate

12/21/2020 | Press release | Distributed by Public on 12/21/2020 07:38

Får ikkje løyve til regulering av fem vatn i Lund kommune

Publisert 21.12.2020

NVE gjev avslag på søknadene frå Neset Kraft AS om regulering av fleire vatn i Lund kommune. Etter NVE sitt syn står ikkje dei negative konsekvensane av å regulere fem vatn i rimeleg forhold til ein estimert auke i kraftproduksjonen på berre 1,8 GWh per år. Grunna omsyn til allmenne interesser meiner NVE at det ikkje kan forsvarast å gje løyve til desse reguleringane.



Neset Kraft ASharsøkt om å få regulere Sætravatnet, Øvre-og Nedre Rundtjørnog Åmstadvatn. Dei har ògsøkt omeiauka regulering av Ljosvatnet,der detfrå før ergjeve løyve til å regulere vatnet med 10 cm. Reguleringane skal nyttastikraftverka Vestre-, Østre- og Nedre Neset kraftverk.

Ulemper for natur og brukarinteresser

Den samla vurderinga fraNVE er at dei negative konsekvensaneved å regulere dei fem vatna, ikkje står i rimeleg forhold til en estimert auke i kraftproduksjonen på berre 1,8GWh/år.

Eiregulering av Sætravatnet vil aleine gje ein estimert produksjonsauke 0,48 GWh/år. Vatnet ligg i eit regionalt viktig friluftsområde,og det er fleire hytter i området rundt vatnet. NVE meiner at reguleringavil gje ulemperknytt til landskap, friluftsliv og brukarinteresser. Ei produksjonsauke på berre 0,48 GWh kanikkje bera dei negative konsekvensaneav reguleringa.

Det er estimert at reguleringaav Øvre- og Nedre Rundtjørn, Åmstadvatnog Ljosvatnet vil gje produksjonsauke på om lag 1,35 GWh. Ei auka regulering til 2 m i Ljosvatnetvil føre til at ein del av eit større myrområde blir neddemtslik at ein kan få utvasking og erosjon. Reguleringar på 3 og 4 meter i vatna Øvre og Nedre Rundtjørnog Åmstadvatnetvil føretil godt synlege reguleringssonarsom kan gje negative landskapskonsekvensar. Reguleringanevilòg gje nye inngrep som damanlegg og vegar inn i eit område som erdefinert somein del av eit større naturområde med urørt preg.

Med bakgrunn idesse ulempene får Neset Kraft AS derfor ikkje løyve til å regulere desse vatna.

Les vedtaka i saka om Sætravatnet og Ljosvatn, Åmstadvatn og Øvre- og Nedre Rundtjørn.