Ministry of Health and Care Services of the Kingdom of Norway

05/06/2024 | Press release | Distributed by Public on 05/06/2024 05:48

Presseinvitasjon: Vestre besøker Skjetten legesenter

Presseinvitasjon:

Vestre besøker Skjetten legesenter

Nyheit | Dato: 06.05.2024| Helse- og omsorgsdepartementet

Fastlegeordninga er grunnmuren i helse- og omsorgstenesta. Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker Skjetten legesenter for å snakke med fastlegane om deira arbeidskvardag, korleis endringa og styrkinga av basistilskotet har spelt inn og korleis fastlegeordninga kan bli endå betre framover

Kor: Skjetten legesenter, Nordens vei 15, 2013 Skjetten
Når: Tysdag 7. mai kl 12.30

Det jobbar sju fastlegar og fem helsesekretærar på legesenteret. Vestre får ei omvising på legesenteret og snakkar med dei tilsette. Pressa er velkomen til å delta, og statsråden er tilgjengeleg for intervju. Journalistar som ønsker å vere med, må kontakte kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Johansen, telefon 996 07 525.

Fastlegeordninga: Over tid har allmennlegetenestene hatt store og aukande utfordringar med svikt i rekruttering og stabilitet. Utfordringane i allmennlegetenestene går utover kvaliteten og tilbodet til pasientane og rammar dei sårbare pasientane mest. Regjeringa har prioritert å løysa fastlegekrisa med konkrete tiltak og har styrka allmennlegetenesta med over 1 milliard kroner på to år. No peikar fleire piler i rett retning. I fjor blei det over dobbelt så mange nye fastlegar som i 2022 og over sju gonger så mange som i 2021, då regjeringa tiltrådte. Over 78 000 fleire innbyggarar fekk fastlege i 2023. Den gode utviklinga heldt fram i 2024, men det er framleis mangel på fastlegar.