The Office of the Prime Minister of Norway

05/15/2021 | Press release | Distributed by Public on 05/15/2021 01:35

Statsministerens program veke 20

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 17. mai

Statsministeren feirar nasjonaldagen i Bergen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ella Ege Bye, telefon 93 26 83 50, e-post [email protected].

Tysdag 18. mai

Kl. 09.20: Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Ine Eriksen Søreide gjennomfører eit digitalt besøk til det norske sjukehuset i Kabul, Afghanistan. Solberg og Eriksen Søreide får omvising og orientering av norsk medisinsk personell, og får sett korleis sjukehuset blir drifta.

Det er mogleg for presse å delta i dette digitale besøket. Presse som ynskjer å delta må akkreditere seg innan tysdag 18. mai kl.: 0830 til: [email protected]

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Kl. 12.00: Statsminister Erna Solberg gjer greie for Noregs avslutning av operasjonen i Afghanistan. Statsministeren er tilgjengeleg for presse i Vandrehallen etter utgreiinga.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Onsdag 19. mai

Kl. 10.00: Statsministeren deltek på bærekraftkonferansen til Sjømat Norge, der ho skal delta i debatt med Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

Fredag 21. mai

Kl. 13.00: Statsministeren deltek digitalt på Global Health Summit. EU og G20-landa er vertskap for møtet, som skal diskutere internasjonal respons på pandemien og korleis verda best førebur seg til helsekriser i framtida.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].