Ministry of Petroleum and Energy of the Kingdom of Norway

05/05/2024 | Press release | Distributed by Public on 05/05/2024 11:34

Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 19

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Tysdag 7. mai
Kl. 08.15: Energiminister Terje Aasland har møte med Moldovas energiminister Victor Parlicov. Parlicov er i Noreg i samband med at at den moldovske presidenten er i Noreg på statsbesøk. Møtet med Parlicov går føre seg hjå Norad, der det skal vere eit rundebordsmøte om energi med ulike bedrifter. Dei to statsrådane skal også underteikne ei erklæring om energisamarbeid mellom Noreg og Moldova.

Statsbesøket er i utgangspunktet berre for akkreditert presse. Presse som ikkje er akkreditert, men som likevel ønskjer å delta på dette arrangementet, kan ta kontakt med oss. Frist for dette er måndag 6. mai klokka 10.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post [email protected].

Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit seminar i regi av Fornybar Norge, der han skal snakke om regjeringa si satsing på fornybar energi. Arrangementet går føre seg på båten «Legacy of the Fjords», som ligg til kai ved Havnelageret i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].

Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit ope folkemøte i Larvik, i regi av Østlands-Posten, Larvik Ap og Larvik Høgre. Møtet går føre seg på Bølgen kulturhus.

Kontaktperson er politisk rådgivar Jorid Nordmelan, telefon 95 94 20 84.

Onsdag 8. mai
Energiminister Terje Aasland besøkjer Vestfold. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 10.00: Statsråden besøkjer NOAH for å høyre om korleis dei jobbar med å gjenvinne ressursar og finne berekraftige løysingar for avfall frå industrien. Stad: Weidemanns gate 10, Holmestrand.

Kl. 13.00: Statsråden besøkjer Esso Noreg, der han får ei omvising på det nedlagde oljeraffineriet på Slagenanten. Han får også ei orientering om omstillinga til blant anna hydrogen. Stad: Slagentangen, Essoveien 100, Tolvsrød.

Kl. 17.00: Statsråden deltek på markeringa av frigjerings- og veterandagen i Tønsberg. Markeringa går føre seg i Minneparken ved domkyrkja i Tønsberg.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].