Ministry of Culture of the Kingdom of Norway

03/17/2021 | Press release | Distributed by Public on 03/17/2021 03:01

Over 2,1 milliardar kroner i kompensasjon til idretten og frivillige organisasjonar i 2020

Etter behandling av søknader til kompensasjonsordninga for frivilligheita og idretten er no til saman over 2,1 milliardar kroner utbetalt for arrangement og aktivitet som blei heilt eller delvis avlyst på grunn av koronaen.

- Frivilligheita har vist eit enormt pågangsmot og ein stor vilje til aktivitet trass i pandemien. Eg er difor glad for at vi kan støtte opp der det har vore mindre aktivitet og mindre inntekter enn vanleg. Målet vårt er å leggje til rette for at det også i framtida skal finnast eit lokalt idrettslag eller ein frivillig organisasjon å engasjere seg i, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Utbetalingar frå ordninga omfattar arrangement og annan spesifisert aktvitet frå 12. mars 2020 til og med 31. desember same år.

- Eg er glad for at vi raskt fekk på plass ei ordning og at ho har vist seg å treffe godt etter dei justeringane vi gjorde etter første runde, seier kultur- og likestillingsministeren. Etter at koronakrisa inntrefte har heile 9 284 organisasjonar over heile landet fått støtte frå denne kompensasjonsordninga. Det vitnar om at ordninga har treft breitt, seier statsråd Raja.

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar ordninga for Kulturdepartementet. Meir om ordninga på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet

Regional fordeling av kompensasjon til idretten og frivillige organisasjonar

Fylke

Tildelt Beløp

Antall mottakarar

Agder

102 309 189

540

Innlandet

139 997 908

821

Møre og Romsdal

120 406 503

682

Nordland

81 842 840

634

Oslo

515 614 518

690

Rogaland

168 433 909

651

Svalbard

609 158

1

Troms og Finnmark

84 391 447

616

Trøndelag

212 117 671

1 131

Vestfold og Telemark

132 876 920

714

Vestland

234 993 080

1228

Viken

365 211 216

1576

Totalt

2 158 804 357

9 284