Government of Norway

03/05/2021 | Press release | Distributed by Public on 03/05/2021 01:20

Foreslår endringar i evalueringa av norsk forsking og høgare utdanning

Evalueringar av kvaliteten i forsking og høgare utdanning gir viktig informasjon til studentane, institusjonane, dei som bruker forskinga og styresmaktene. Ein ny rapport foreslår endringar i korleis slike evalueringar bør gjennomførast.

- God informasjon om kvaliteten i både undervisning og forsking er ein føresetnad for arbeidet institusjonane gjer for å heve kvaliteten, og for arbeidet vårt med å utvikle god kunnskapspolitikk. I tillegg styrker det tilliten til forsking og høgare utdanning i samfunnet. Mandatet til gruppa har vore å kome med forslag som bidreg til effektiv og koordinert evaluering som gir oss den kunnskapen vi treng for å utvikle kunnskapssamfunnet vidare, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Arbeidsgruppa har vore leidd av Kunnskapsdepartementet, med medlemmer utpeika av Universitets- og høgskulerådet, Forskningsinstituttenes fellesarena, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, Forskingsrådet, Norsk studentorganisasjon og Olje- og energidepartementet.

Gruppas foreslår at rammeverket for evalueringar bygger på dei same ansvarsforholda som i dag, det vil seia at Forskingsrådet evaluerer forskingskvalitet og NOKUT evaluerer kvalitet i høgare utdanning. Men forslaget inneber tre viktige endringar:

Formåla med evalueringane har hittil vore haldne svært opne, eller underforstått. Dette har over tid skapt glidingar, overlapp og gjort evalueringane mindre føreseielege. Omforeinte og tydelege formål skal sikre at dei ulike behova blir tekne vare på. I tillegg inneheld rammeverket eit sett med prinsipp som er meinte å sikre legitimiteten til evalueringane.

Probas kartlegging av behova for evalueringar fann at å gjere tidspunkt og format for evalueringar i ulike fag og programtypar meir føreseieleg er ein føresetnad for god oppfølging, kvalitetsbetring og lågast mogleg rapporteringstrykk. I tillegg er det eit behov for betre koordinering mellom evaluering av forsking og evaluering av høgare utdanning. Tiltaka som blir foreslåtte er eit koordineringsforum og ein langtidsplan for evalueringar.

  • Auka omfang av utdanningsevalueringar

Arbeidsgruppen foreslår at NOKUT går frå sporadiske evalueringar av enkelte utdanningstypar til å omfatta heile breidda i norsk høgare utdanning med intervall på om lag ti år.

- Eg synest gruppa har kome fram til interessante forslag for korleis vi kan få gjennomføre evalueringar på ein endå betre måte. No skal vi vurdere forslaga i lys av den styringspolitikken som skal leggast fram for Stortinget seinare i vår. Innføring av eit nytt rammeverk for evaluering må mellom anna sjåast i samanheng med ny direktoratstruktur for høgare utdanning, seier Asheim.

Her kan du lese heile rapporten