Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

04/30/2024 | Press release | Distributed by Public on 04/30/2024 01:20

Noreg støttar fond for politiske fangar i Belarus

Regjeringa vil bidra med 10 millionar kroner til eit humanitært fond for støtte til lauslatne politiske fangar frå Belarus og familiane deira.

Leiaren av den belarusiske demokratirørsla, Svjatlana Tsikhanowskwaja har teke initiativ til skipinga av eit slikt fond.

Støtta vil inkludere mellom anna medisinsk hjelp og rehabilitering, økonomisk støtte, og psykologisk hjelp til lauslatne politiske fangar og personar som har vore utsette for politisk undertrykking.

- Situasjonen for politiske fangar i Belarus er svært urovekkjande. Det er eit stort behov for ein slik bistand til å rehabilitere tidlegare politiske fangar og familiane deira, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Tsikhanowskaja er i Oslo måndag og tysdag denne veka. Ho møter mellom anna statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide, har møte på Stortinget og med ei lang rekkje andre politikarar og norske aktørar. Ho deltek òg på konferansen Word Matter.

Utanriksdepartementet vil jobbe vidare med den praktiske oppfølginga rundt det humanitære fondet i tett dialog med andre potensielle donorar og samarbeidsaktørar.