Ministry of Climate and Environment of the Kingdom of Norway

07/02/2020 | Press release | Distributed by Public on 07/02/2020 09:35

Løyve til felling av to bjørnar

Klima- og miljødepartementet gjev løyve til felling av to bjørnar i eit område i Grong, Høylandet og Namsskogan kommunar.

Klima- og miljødepartementet har i dag gitt løyve til skadefelling av inntil to bjørnar i eit avgrensa område i Grong, Høylandet og Namsskogan kommunar. Løyvet er gitt til Grong kommune og det er det lokale skadefellingslaget som skal stå for gjennomføring av skadefellinga. Statens naturoppsyn (SNO) vil bidra med sin kunnskap og erfaring dersom skadefellingslaget ber om slik bistand.

Løyvet gjeld for 14 dagar frå i dag, og gjeld innanfor eit gitt avgrensa område (sjå vedlagte kart). Det er no registrert DNA-materiale frå fleire hannbjørnar i det aktuelle området som har teke sau. Dette er ny kunnskap som ikkje var kjend då Fylkesmannen fatta sine vedtak, og vi vurderer derfor no at situasjonen er annleis.

Bakgrunnen for løyvet er den skadesituasjonen som har vore i dette området i ein periode på meir enn ti år, og som var særs stor for enkelte beitebrukarar i fjor.

Med bakgrunn i ny kunnskap om førekomst av talet på hannbjørn, er faren for å felle binner mindre, samtidig som faren for tap av sau har auka. Ut frå tapa fram til no og frå i fjor og tidlegare år har departementet funne det no naudsynt å gje løyve til felling av to bjørnar. Målsettinga er at det skal fellast to hannbjørnar, difor er binner med ein eller fleire ungar unnateke frå skadefellinga.

Løyve og kart over området.