Government of Norway

02/23/2021 | Press release | Distributed by Public on 02/23/2021 04:21

Presseinvitasjon: Koronasituasjonen: Pressekonferanse med justisministeren og helseministeren onsdag 24. februar

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen i morgon, onsdag 24. februar klokka 14:00. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, vil også vere til stades.

Pressekonferansen overførast direkte på regjeringa.no.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.

Oppmøtetid: Klokka 13:45. Ta med gyldig pressekort og ID.

Presse som ikkje har anledning til å møte opp kan sende inn spørsmål til [email protected] med teksten PK 2402 i emnefeltet.

Spørsmål må vere oss i hende seinast klokka 14:15. Avsenderadressa må være registrert hos eit mediehus eller det må oppgis frilansoppdrag. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmål blir stilte i pressekonferansen.

Pressekontaktar

For justis- og beredskapsministeren: Kommunikasjonssjef Trude Larstad, 936 67 742.

For helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Per Aubrey Bugge Tenden, 900 91 062.

Om sendinga

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS). Du kan følgje den direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastas ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressekonferansen direkte. Kontaktperson for dette nås på telefon 22248845 eller [email protected].

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgande embedkode:

Tiltak for å hindre spreiing

Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Det kan derfor ved stor pågang vere aktuelt å be presse følgje pressekonferansen digitalt.

Sjå Folkehelseinstituttet sine nettsider for meir informasjon om smittevern.