SSB - Statistics Norway

11/08/2018 | News release | Distributed by Public on 11/08/2018 01:01

Auken i ledige stillingar held fram

Frå 2. til 3. kvartal 2018 auka det sesongjusterte talet på ledige stillingar med 2 100, viser tal frå statistikken Ledige stillingar. Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,5 i 3. kvartal 2018, ein auke på 0,1 prosentpoeng samanlikna med kvartalet før.

I løpet av dei par siste åra har det stort sett vore oppgang i talet på ledige stillingar. Figur 1 viser at det sesongjusterte talet over ledige stillingar har hatt ein positiv utvikling i heile perioden frå 3. kvartal 2017, og trendtalet har vore positivt heilt sidan 1. kvartal 2016.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Mesteparten av auken kom i varehandel

Frå 2. til 3. kvartal 2018 auka talet på ledige stillingar i varehandel og motorvognreparasjonar med 1 300, som vil seie ein auke på heile 20 prosent. Prosentdelen ledige stillingane i denne næringa gjekk opp med 0,3 prosentpoeng, til 2 prosent i 3. kvartal 2018.