SSB - Statistics Norway

05/16/2018 | News release | Distributed by Public on 05/16/2018 00:05

Auken i ledige stillingar held fram

I 1. kvartal 2018 var det totalt 68 400 ledige stillingar, som er det største talet for dette kvartalet sidan 2012. Samanlikna med 1. kvartal 2017 utgjorde dette ein auke på 10 200 ledige stillingar.

Utviklinga det siste året vitnar om ein positiv trend i etterspørselen etter arbeidskraft i Noreg. Figur 1 viser at både trendtalet og det sesongjusterte talet på ledige stillingar har hatt ei positiv utvikling i heile perioden frå 4. kvartal 2016.

Den sesongjusterte prosentdelen av ledige stillingar var på 2,3 prosent i 1. kvartal 2018. Talet har ikkje vore større sidan 3. kvartal 2013.

Figur 1. Ledige stillingar. Sesongjusterte tal og trend

Olje og gass stadig viktig

Ei svært viktig næringsgrein i Noreg er olje- og gassutvinning samt tenester tilknytte utvinninga. Det var 1 400 ledige stillingar innanfor bergverksdrift og utvinning (dominert av olje- og gassverksemd) i 1. kvartal 2018, som utgjer ein auke på 1 100 frå det same kvartalet året før. Den sterke auken vitnar om eit skifte i denne næringa. Prosentdelen av ledige stillingar var i 1. kvartal 2018 på 2,6 prosent, det høgaste nivået på fire år.

I tillegg til at olje- og gassnæringa er viktig i seg sjølv, påverkar ho også andre næringar. Deler av industrinæringa er petroleumsretta, og dermed påverka av utviklinga i olje- og gassnæringa. Prosentdelen ledige stillingar i norsk industri var på 1,6 prosent i 1. kvartal 2018, det høgaste på fire år. Talet på ledige stillingar var på 3 400, som inneber ein auke på 700 frå same kvartalet året før. I tillegg til næringsmiddelindustrien kom mykje av auken i industrien siste år frå næringar som leverer varer og tenester til oljenæringa, til dømes metallvareindustrien og bygging av skip og plattformer.