Government of Norway

06/28/2019 | Press release | Distributed by Public on 06/28/2019 05:19

Fem nye fylkeskommunar får utvida TT-ordning

- Regjeringa ønsker eit godt og enkelt tilgjengelig tilbod for alle. Derfor blir no Hedmark, Oppland, Hordaland, Telemark og Nordland ein del av den utvida ordninga med tilrettelagt transport for personar med nedsett funksjonsevne (TT-ordninga). Dette gir ein enklare kvardag for over 4.500 nye personar, det er særs gledelig, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Dei fem fylka får totalt 64,2 millionar kroner for 2. halvår 2019. Tildelinga er fordelt slik:

Hedmark: 10 300 000 kroner
Oppland: 8 520 000 kroner
Hordland: 28 500 000 kroner
Telemark: 7 303 519 kroner
Nordland: 9 600 000 kroner

Tildelingsbeløpa er fordelt etter søknad frå fylkeskommunane.

- Alle fylka skal med

Totalt 13 fylke er no ein del av den utvida TT-ordninga. Dette er ein statleg ordning som kjem i tillegg til TT-ordningar fylka allereie har sjølve. Den utvida ordninga skal, saman med fylkeskommunane sitt tilbod, sikre totalt 200 fritidsreiser for blinde/svaksynte og rullestolbrukarar.

- Vi har eit mål om at alle fylka skal bli ein del av ordninga. På den måten sørger vi for at TT-brukarar med særlege behov får betre tilgang til transporttenester, seier samferdselsministeren.

Med denne tildelinga blir over 4.500 personar ein del av ordninga:

Hedmark: 599
Oppland: 500
Hordaland: 2 458
Telemark: 635
Nordland: 362

Frå neste år skal desse fem fylka få tildeling for heile året.

Les tildelingsbrevet (pdf).