Results

Ministry of Transport and Communications of the Kingdom of Norway

05/14/2019 | Press release | Distributed by Public on 05/14/2019 02:58

Revidert nasjonalbudsjett 2019: Regjeringa sikrar full framdrift på E18 Lysaker-Ramstadsletta

- E18 Vestkorridoren er eit stort og viktig samferdselsprosjekt både lokalt og nasjonalt som regjeringa vil ha på plass så fort som mogleg. Vi foreslår derfor å løyve 340 millionar kroner allereie i år. Med dette sikrar vi full framdrift, slik at det er klart for anleggsstart så snart Stortinget har handsama saken, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I revidert nasjonalbudsjett for 2019 foreslår regjeringa å løyve 340 millionar kroner til E18 Lysaker-Ramstadsletta. Prosjektet får no klarsignal til å gjøre det førebuande arbeidet som er nødvendig før byggestart.

- Med denne løyvinga legg vi til rette for at E18 kan opne for trafikk i 2027, og ikkje i 2028, som har vore hevde tidlegare.

Løyvinga bidreg til å sikre finansieringa av prosjektet fram til ein bompengeproposisjon er handsama av Stortinget.

Ei kvalitetssikring av kostnadsoverslaget for prosjektet (KS2) er i arbeid, og Vegdirektoratet arbeider med eit grunnlagsmateriale til ein bompengeproposisjon for prosjektet. Når dette er på plass, kjem Samferdselsdepartementet til Stortinget så raskt som mogleg med saka.

Det førebuande arbeidet på E18 Lysaker-Ramstadsletta blei stoppa hausten 2018, fordi Statens vegvesen hadde brukt meir pengar på prosjektet enn det som var løyvd.