Government of Norway

04/26/2024 | Press release | Distributed by Public on 04/26/2024 03:30

Statsrekneskapen 2023

Samla vart overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond (SPU) 1 042,5 milliardar kroner. Det går fram av statsrekneskapen for 2023 som vart lagt fram i dag. Den faktiske oljepengebruken vert målt ved overføringa frå Statens pensjonsfond utland for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Statsrekneskapen syner eit oljekorrigert underskot på 290,5 milliardar kroner.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2023 vart 290,5 milliardar kroner, som er 4,2 milliardar kroner meir enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Det vart i 2023 overført 286,2 milliardar kroner frå SPU for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett, og statsbudsjettet før lånetransaksjonar syner dermed òg eit underskot på 4,2 milliardar kroner, jf. tabell 1 nedanfor. Samanlikna med rekneskapen for 2022 går oljepengebruken, målt ved det oljekorrigerte underskotet, opp med 7,7 milliardar kroner.

Inntektene vart i rekneskapen 1,5 milliardar kroner mindre, medan utgiftene vart 2,7 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2023. Nedgangen på inntektssida kjem særleg av skattar og avgifter som vart 6,5 milliardar kroner lågare enn lagt til grunn. Andre inntekter auka netto med om lag 5 milliardar kroner. Auken i utgifter fordeler seg på ei rekkje budsjettpostar der den største delen gjeld stønader under folketrygda. Sjå tabell 3 nedanfor for detaljar.

Statens pensjonsfond, slik dette vert presentert saman med statsbudsjettet, syner eit overskot på 1 046,7 milliardar kroner, som er 17,7 milliardar kroner meir enn rekna i nysaldert budsjett. Auken frå nysaldert budsjett kjem av ein nedgang i netto kontantstraum på 8,3 milliardar kroner og ein auke i rente og utbyte i fondet på 26,0 milliardar kroner. Samanlikna med rekneskapen for 2022 minka overskotet i Statens pensjonsfond med 207,9 milliardar kroner.

Kapitalen i Statens pensjonsfond auka med 3 383,4 milliardar kroner i 2023 til 16 115,0 milliardar kroner. Av auken er 3 347,3 milliardar kroner knytt til SPU, medan kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) auka med 36,1 milliardar kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond auka kapitalen med 1 046,7 milliardar kroner. Netto realiserte og urealiserte vinstar / tap auka verdien av fondet med 1 888,1 milliardar kroner, medan svekka kronekurs auka verdien i SPU med 409,4 milliardar kroner. Inntekter frå netto finanstransaksjonar auka fondsverdien med 39,1 milliardar kroner. Ved utgangen av 2023 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 15 760,8 milliardar kroner, medan verdien av SPN er 354,3 milliardar kroner, jf. tabell 2 nedanfor.

Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.

Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar. Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå førre år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13.

Portalen statsregnskapet.no har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein òg finne meir detaljerte rekneskapstal.

I samband med publiseringa av statsrekneskapen for 2023, vil Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) holde eit lynkurs i korleis ein kan nytte statsregnskapet.no. Kurset vert gjennomført som eit gratis webinar 7. mai. Sjå lenke med påmeldingsinformasjon.

Tabell 1 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett (mill. kroner)

Rekneskap 2022

Saldert budsjett

2023

Nysaldert budsjett

2023

Rekneskap 2023

1.

Statsbudsjettet

A

Inntekter i alt

2 668 416

2 881 424

2 503 868

2 494 401

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

1 313 601

1 412 781

1 016 395

1 008 461

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 354 815

1 468 643

1 487 473

1 485 940

B

Utgifter i alt

1 665 936

1 753 819

1 803 689

1 806 800

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

28 378

28 300

30 000

30 396

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 637 557

1 725 519

1 773 689

1 776 404

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

1 002 480

1 127 604

700 178

687 601

-

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

1 285 223

1 384 481

986 395

978 064

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-282 742

-256 877

-286 217

-290 463

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

309 875

256 877

286 217

286 217

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

27 133

0

0

-4 246

2.

Statens pensjonsfond

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

1 285 223

1 384 481

986 395

978 064

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

309 875

256 877

286 217

286 217

=

Netto avsett i Statens pensjonsfond utland

975 348

1 127 604

700 178

691 847

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

279 312

287 750

328 900

354 881

=

Overskot i Statens pensjonsfond

1 254 660

1 415 354

1 029 078

1 046 728

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

Samla overskot

1 281 793

1 415 354

1 029 078

1 042 482

Tabell 2 Statens pensjonsfond 2023 (mrd. kroner)

Statens

pensjonsfond

utland

Statens

pensjonsfond

Noreg

Samla

Netto kontantstraum

978,1

978,1

-Overført statsbudsjettet

286,2

286,2

Renter og utbyte

338,6

16,3

354,9

Overskot

1 030,4

16,3

1 046,7

Kapital per 31.12.2022

12 413,5

318,2

12 731,7

Overskot

1 030,4

16,3

1 046,7

Valutakursregulering

409,4

-

409,4

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

1 868,4

19,8

1 888,1

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

39,1

39,1

Kapital per 31.12.2023

15 760,8

354,3

16 115,0

Endra verdi, fondskapital

3 347,3

36,1

3 383,4

Tabell 3 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2023

(mrd. kroner)

Frå nysaldert budsjett til rekneskap

Auke i det oljekorrigerte underskotet

4,2

Netto inntektsendringar

-1,5

Av dette:

Skattar og avgifter

-6,5

Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA

2,0

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

0,3

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

2,3

Andre inntekter

0,3

Netto utgiftsendringar

2,7

Av dette:

Folketrygda, inkludert dagpengar, kap. 2530-2790

2,3

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

0,3

Momskomp. kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

-0,1

Straumstøtte, hushaldningar, kap. 1820

0,9

Kjøp av materiell m.m. under forsvaret, kap. 1760

1,3

Tilskot, Statens pensjonskasse, kap. 0612

-1,2

Rammetilskot kommunar/fylkeskommunar, kap. 0571/0572

-1,1

Omsorgstenester kap. 0761

1,0

Militær støtte til Ukraina. Kap. 1700

-0,8

CO2 handtering, kap. 1850

-0,8

Forsvarets drift, kap. 1720

0,7

Andre netto endringar, medrekna utgifter heimla i meirinntekter

0,1