NRK - Norsk rikskringkasting AS

04/09/2021 | Press release | Distributed by Public on 04/09/2021 07:03

NRK feirar norsk musikk

I år som i fjor speler NRK P1 berre norske artistar frå måndag og fram til og med fredag 16. april.

- Norske musikarar og artistar er viktige for NRK, samfunnsoppdraget vårt og lyttarane våre. Vi ønsker både å hylle dei, og glede lyttarane med mangfaldet av den framifrå norske musikken som er skapt no og tidlegare. Det er ein veldig god tradisjon å gi lyttarane både godt kjente og ukjente norske musikarar og musikk på alle kanalar på fredagen, og for over ein million lyttarar på NRK P1 heile veka, seier radiosjef i NRK, Cathinka Rondan.

Tradisjonen med å ein dag berre spele norsk musikk har blitt gjennomført kvart år i minst 20 år. I 2001 hadde NRK P3 norskdag, og i 2003 vart også NRK P1 med på markeringa. Med digitaliseringa har NRK fått stadig fleire radiokanalar, og sidan 2013 har alle NRKs radiokanalar vore med på norskdagen.

NRK P1 skal spele minst 40 prosent norsk musikk og i 2020 var 55,9 prosent av musikken på NRK P1 norske artistar. NRK P3 skal også spele minst 40 prosent norsk, og her enda prosentdelen norsk på 57,8 prosent i fjor.

Det blir meir norsk musikk på NRK på kvelden 16. april når 27 prestisjetunge Spellemannprisar skal delast ut på NRK1. Sendinga begynner kl. 19:55 og blir leia av Sandeep Singh og Silje Nordnes. Les også: Disse skal lede Spellemann

Først blir sju prisar delt ut. Prisutdelinga held deretter fram kl. 22:45-23:00 og 23:15-00:15 (før og etter Kveldsnytt). Tarjei Strøm leiar denne sendinga, og her vil heile 20 prisar bli delt ut. I begge sendingane byr fleire av Noregs største artistar på musikkunderhaldning i ulike sjangrar. Desse artistane skal opptre:

• Sondre Lerche
• Annie
• SKAAR
• Valkyrien Allstars
• Stig Brenner, Marcus og Martinius, Larsiveli
• Hagle og EHI
• Andreas Ihlebæk
• Natnael
• Girl in red
• Emma Steinbakken og Aslag Haugen
• Det Norske Solistkor

Her kan du sjå kven som er nominert i dei forskjellige kategoriane: https://spellemann.no/nominerte/