Results

Norwegian Petroleum Directorate

09/12/2019 | Press release | Distributed by Public on 09/12/2019 03:32

Boreløyve for brønn 6611/1-1 i utvinningsløyve 896

Boreløyve for brønn 6611/1-1 i utvinningsløyve 896

12.09.2019 Oljedirektoratet har gitt DEA Norge AS boreløyve for brønn 6611/1-1, jf. ressursforskrifta paragraf 15.

Brønn 6611/1-1skal borast frå boreinnretninga West Hercules i posisjon 66°47'39,63'N og 11°1'11,61'A etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 32/4-2 for Equinor Energy AS i utvinningsløyve 921.

Boreprogrammet for brønn 6611/1-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 896. DEA Norge AS er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Petoro AS, Lundin Norway AS og Equinor Energy AS, alle med ein del på 20 prosent kvar.

Arealet i dette løyvet består av austleg del av blokk 6610/2 og blokkene 6610/3, 6611/1 og 6611/2. Brønnen blir bora om lag 150 kilometer nordaust for Norne-feltet, og om lag 150 kilometer sørvest for Bodø.

Utvinningsløyve 896 blei tildelt 10. februar 2017 i TFO 2016. Dette er den første leitebrønnen som blir bora i løyvet.

Løyvet føreset at dei andre løyva og samtykka kravd av andre myndigheiter er gitt før boreaktiviteten startar.

Kontakt
Per Henning Sæle

Tlf: +47 51 87 64 52

Oppdatert: 12.09.2019