Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

05/02/2024 | Press release | Distributed by Public on 05/02/2024 04:35

Utanriksministeren møter afrikanske og nordiske kollegaer

Årleg nordisk-afrikanske utanriksministermøte går av stabelen i København. Auka handel, samarbeid om skatt og fred er høgt på dagorden når 28 utanriksministrar møtest 2. og 3. mai.

- Dei afrikanske landa er stadig viktigare i verdspolitikken og verdsøkonomien. Sju av dei åtte milliardane menneske på kloden bur ikkje i Vesten, og Afrika vil få stadig større tyngd. Skal ein påverke korleis verda utviklar seg, er det viktig med dialog med afrikanske land og andre land utanfor det tradisjonelle Vesten, seier utanriksminister Espen Barth eigde.

Vidareutvikling av gode relasjonar til fleire afrikanske land

Noreg har nære og gode forhold, bygd opp gjennom mange år, til fleire afrikanske land og til afrikanske institusjonar som Den afrikanske unionen.

- Vi ønskjer å ta vare på og vidareutvikle desse relasjonane. Eg ser fram til å diskutere globale spørsmål som internasjonalt skattesamarbeid og arbeidet for ein skattekonvensjon. Det blir sikkert òg diskusjonar om krigen i Gaza, der Noregs synspunkt nok er meir samanfallande med dei afrikanske, enn ein del andre vestlege lands synspunkt er, seier Eide.

Nordisk-afrikansk møteplass sidan 2000

Årleg nordisk-afrikansk utanriksministermøte blei etablert etter svensk initiativ i 2000. Formålet er god og open dialog om internasjonale spørsmål og utvikling av samarbeidet mellom afrikanske og nordiske land.

Utanriksministeren deltek i fleire tematiske paneldiskusjonar, mellom anna om økonomisk samarbeid, grøn omstilling og samarbeid om fred og tryggleik. I tillegg vil han ha ei rekkje møte med afrikanske kollegaer.