04/05/2024 | Press release | Distributed by Public on 04/05/2024 03:46
Pressemelding | Dato: 05.04.2024| Kunnskapsdepartementet
Fleire vegar inn i utdanningane, meir fagleg fridom og meir erfaringsbasert undervisning. Dette er nokre av endringane regjeringa foreslår i den nye stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane.
- Lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar speler ei nøkkelrolle for velferd og verdiskaping i heile Noreg. Vi må ha utdanningar av høg kvalitet til desse viktige yrka, og vi må sikre ei berekraftig rekruttering til profesjonsutdanningane i framtida. Det er stor mangel på lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar fleire stadar - særleg i Nord-Noreg og i distrikta. Samstundes fell søkinga til utdanningane. Mange studentar opplever å ikkje vere godt nok førebudde på røyndommen dei skal ut i. No tek vi naudsynte grep for å møte desse utfordringane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
No legg regjeringa fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane, det vil seie lærar-, ingeniør- og helse- og sosialfagutdanningane. Regjeringa vil:
- For mange profesjonsstudentar melder om eit «praksissjokk» i møte med røynda i arbeidslivet. For å ruste studentane for arbeidslivet må vi styrke eigenarten til profesjonsfaga og løfte den praksisnære kunnskapen, seier Hoel.
Saman med forslaga i stortingsmeldinga om opptak til høgare utdanning, peikar meldinga på grepa regjeringa vil ta for å få fleire søkarar, heve kvaliteten og auke relevansen i profesjonsutdanningane.
- Vi vil gi fagmiljøa større handlingsrom og gje fleire sjansen til å utdanne seg til desse viktige velferdsyrka. Vi lyttar til dei som utdannar lærarane og sjukepleiarane, og vil gje dei meir tillit og fagleg fridom, seier Hoel.
Regjeringa ser i profesjonsmeldinga spesielt på samanhengen mellom den teoretiske og praktiske delen av utdanningsløpet til lærar- og helse- og sosialfaga.
- Mange av tilbakemeldingane vi har fått peikar på at det blir lagt for lite vekt på den praksisnære kunnskapen, som til dømes er ein viktig del av lærarstudiet. Og då snakkar vi om ei type erfaring som ein ikkje nødvendigvis kan tileigne seg berre ved å lese i ei bok, seier Hoel.
No vil han styrke den erfaringsbaserte kunnskapen i utdanningane . Til dømes vil han ha fleire undervisarar med fersk erfaring frå det yrkeslivet dei skal undervise om.
- Fordi vi slit med å rekruttere både til utdanningar og yrke, er det viktig å sikre at det finst ulike vegar inn i utdanningane - og at opptakskrava ikkje er strengare enn naudsynt. Vi vil opne for fleire forsøksordningar, og vi vil opne for fleire vegar inn til læraryrket, seier Hoel.
Mellom anna vil regjeringa opne for forsøk med kvalifisering frå fagbrev til sjukepleiaryrket og forsøk med alternativ organisering av grunnskulelærarutdanning, til dømes ei felles utdanning for første til tiande trinn.
- Eg har stor tru på å kvalifisere fleire av dei som i dag jobbar i skulen, men ikkje har fullført lærarutdanning. Her treff vi dei som allereie er motiverte for ein jobb i barnehage og skule. Det finst fleire ordningar i dag som kan ligge til grunn for å utvikle eit større tilbod for denne målgruppa, seier Hoel.
Regjeringa vil gjere vegen til læraryrket kortare. Eit konkret grep er tilby praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som ein integrert del av ei toårig mastergrad for personar som har ei relevant bachelorgrad.
- Om du har ei bachelorgrad , kan du med denne ordninga bli lærar på berre to år. Det er eitt år kortare enn i dag. For personar med relevant arbeidserfaring frå skulen, vil det og vere mogleg å ta ein erfaringsbasert PPU-master på endå kortare tid.
Regjeringa foreslår å gjere eit mellombels unntak for kravet om mastergrad for opptak til den vanlege eittårige PPU-utdanninga fram til 2030, for folk som har relevant arbeidserfaring frå skulen og har bachelorgrad.
- Vi kortar ned utdanningstida, på same tid som vi legg meir vekt på relevant arbeidserfaring, seier Hoel.
I stortingsmeldinga om opptak til høgare utdanning foreslår regjeringa å avvikle karakterkrava for sjukepleiarutdanninga, men vidareføre dei på lærarutdanningane inntil vidare. Det skal òg bli mogleg med dispensasjon frå karakterkrava på lærarutdanninga (lenke til opptaks-PM). Hoel meiner det viktigaste no er å fylle studieplassane med motiverte søkarar.
- Det er viktigare kva studentane kan når dei er ferdig utdanna, enn kva dei kan når dei kjem inn. Eg er sikker på at universitet og høgskular ikkje firer på dei faglege krava og at dei sikrar at dei uteksaminerte kandidatane får den kompetansen dei treng når dei skal ut i jobb, seier Hoel.
Når vi fjernar karakterkrava slepp motiverte søkarar - som til dømes har erfaring frå arbeid i helse- og omsorgssektoren - å ta opp att fag for å forbetre mange år gamle karakterar. I tillegg kan søkarar få opptak til sjukepleiarutdanninga på grunnlag av realkompetanse.
- Samstundes som vi må løfte den erfaringsbaserte kunnskapen inn i utdanningane, må vi sikre utdanning av fleire sjukepleiarar med mastergrad, seier Hoel.
Derfor vil regjeringa: