Ministry of Foreign Affairs of the Kingdom of Norway

12/01/2022 | Press release | Distributed by Public on 12/01/2022 06:11

Presseinformasjon: Utanriksministeren tenner julegrana i London

Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser måndag 5. desember til London. Der skal ho tenne den norske julegrana som står utanfor det britiske utanriksdepartementet.

Juletreet er ei gåve frå det norske til det britiske utanriksdepartementet i samband med britanes innsats under den andre verdskrigen.

Utanriksminister Huitfeldt skal òg møte den britiske utanriksministeren for å snakke om blant anna Ukraina, energi, tryggingspolitikk og humanitær bistand.

Ho skal også møte Tim Barrow, som er nasjonal tryggingsansvarleg i Storbritannia.

Før ho reiser heim til Noreg skal Huitfeldt besøkje Westminster Kingsway College (WKC). Der skal ho møte kokkestudentar som lærer korleis dei skal bruke norsk sjømat.

Presse som ønsker å dekke besøket kan ta kontakt med kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, telefon +47 93 23 18 83, e-post [email protected]