Utenriksdepartementet

07/05/2024 | Press release | Distributed by Public on 07/05/2024 06:19

2023 blei ei norsk kraftsamling mot svolt i verda

Noreg auka bistanden til mattryggleik med nesten 65 prosent i 2023, viser fersk bistandsstatistikk som Norad publiserte i dag. - Det blei ei kraftsamling mot svolt, slik vi lova i strategien «Kraftsamling mot svolt», seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.

Den norske bistanden til landbruk, fiskeri og mattryggleik auka frå 3,9 milliardar i 2022 til heile 6,4 milliardar i 2023. Det er ein nominell auke på nesten 65 prosent samanlikna med året før, viser den detaljerte bistandsstatistikken for Noreg, som blei publisert av Norad i dag. Bakteppet for satsinga på mat er dyster, med nesten 300 millionar menneske verda over, altså 60 gonger befolkninga i Noreg, som ikkje veit når og frå kvar dei vil få sitt neste måltid.

- Den kritiske mat- og ernæringskrisen viser at satsinga til regjeringa på mat og mattryggleik har vore rett og ikkje eit sekund for tidleg. Å få dette på plass var noko av det første eg starta med då eg overtok som utviklingsminister. 2023 blei ei kraftsamling mot svolt for norsk hjelp, slik vi lova i strategien, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.

Allereie i april blei det kjent at det norske bistandsbudsjettet var rekordstort og at Noreg som einaste land i OECD nådde målet om éin prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) til bistand. Totalt enda bistandsbudsjettet på 1,09 prosent av BNI. Berre fem land nådde FN-målet om 0,7 prosent av BNI til bistand. I tillegg til Noreg var det Luxembourg, Sverige, Tyskland og Danmark.

- Eg er stolt over at vi klarte å stille opp for Ukraina og nabolanda, og samtidig auke bistanden til andre land. Samtidig veks behova så raskt, at vi må få med oss andre givarar og det private næringslivet om vi skal klare å møte dei utfordringane verda står overfor. Derfor bidrog Noreg til fleire fond og ordningar som skal stimulere til nettopp dette, seier Tvinnereim.

Store fellesutfordringar i verda, som klima og utbrot av smittsame sjukdommar, får stor merksemd. Fleire har uttrykt uro for at støtte til såkalla globale utfordringar går ut over bistanden som skal bidra til kamp mot fattigdom. Dei ferske tala slår likevel fast at Noreg framleis prioriterer dei aller fattigaste.

- Noreg auka i 2023 bistanden òg til minst utvikla land og låginntektsland. Konsekvensane av kraftigare og hyppigare ekstremvêr kan likevel bli ein nedovergåande fattigdomsspiral for utviklingsland. Klimatilpassing og katastrofeførebygging kan gjere sårbare samfunn meir klimarobuste, og dermed leggje forholda betre til rette for berekraftig utvikling. Fattigdomsreduksjon er komplekst, og det er viktigare enn nokon gong at vi ser ting i samanheng slik at vi får mest mogleg ut av det som er eit svært generøst, men likevel avgrensa budsjett, set opp mot dei utfordringane vi står overfor, avsluttar Tvinnereim.