06/11/2024 | News release | Distributed by Public on 06/11/2024 00:45
Nyheit | Dato: 11.06.2024| Kunnskapsdepartementet
Frå 1. januar neste år skal Noreg få nye reglar for kva som skal til for å bli universitet. Målet er mindre byråkrati og universitetskrav som passar betre med landskapet for høgare utdanning, slik det ser ut i dag.
- Vi treng reglar som sikrar at institusjonane kan bruke ressursane sine på å løyse behov i samfunnet, ikkje på å delta i ein unødig byråkratiserande konkurranse for å kunna kalle seg universitet. Vi har inga nytte av at det blir bygd opp flest mogleg doktorgradsutdanningar berre for å møte eit formalkrav, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
No sender han ut konkrete forslag til nye reglar for universitetsakkreditering på høyring:
- Mangel på kompetanse kan over dei neste åra bli ein alvorleg trussel mot velferd og verdiskaping i heile landet. I møte med dette har vi ikkje noko val: vi må kvalifisere ein større del av eiga befolkning. Skal vi nå alle, må vi ha universitet og høgskular i hele landet. Det er viktig for å bygge Noreg som kunnskapsnasjon , seier Hoel.
Dette er dei viktigaste forslaga:
Høyringsfristen er 30.0924. Planen er at nye reglar skal tre i kraft frå 1. januar 2025.