Government of Norway

12/10/2023 | Press release | Distributed by Public on 12/10/2023 04:50

Statsministerens program veke 50

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Søndag 10. desember

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades ved utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.

Om kvelden deltek statsministeren på Nobelbanketten på Grand Hotel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post [email protected].

Måndag 11. desember

Kl. 09.50: Statsminister Jonas Gahr Støre møter familien til fredsprisvinnar Narges Mohammadi til samtale i statsministerbustaden.

Ein fotopool kan vere til stades ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2, seinast kl. 09.20.

Om lag kl. 10.25 vil statsminister Jonas Gahr Støre og familien til fredsprisvinnar Narges Mohammadi møte pressa i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for presse seinast kl. 09.45.

Fristen for akkreditering er gått ut. Akkreditert presse må ha med gyldig pressekort og ID.

Pressekontaktar kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post [email protected].

Kl. 14.45: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post [email protected].

Onsdag 13. desember

Statsminister Jonas Gahr Støre er vert for eit nordisk toppmøte i Oslo onsdag 13. desember, med Finlands president Sauli Niinistö, Sveriges statsminister Ulf Kristersson, Danmarks statsminister Mette Frederiksen og Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir. Tema for møtet er nordisk samarbeid om forsvars- og sikkerheitspolitikk. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar for statsminister Jonas Gahr Støre er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post [email protected].

Veke 51

Tysdag 19. desember

Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Oslo. Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 10.30.

Presse som vil vere til stades, må melde seg på til [email protected] innan søndag 17. desember.

Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.

Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post [email protected] og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post [email protected].