03/22/2024 | Press release | Distributed by Public on 03/22/2024 05:10
Pressemelding | Nr: 28/2024 |Dato: 22.03.2024| Samferdselsdepartementet
Ulykkesutviklinga på norske vegar dei siste par åra er svært bekymringsfull. I ny Nasjonal transportplan vil regjeringa skjerpe delar av regelverket for å redusere trafikkfarleg risikoåtferd, auke bruken av automatisk trafikkontroll og forsterke innsatsen innanfor kontroll og handheving.
- Norske vegar skal vere trygge å ferdast på, derfor vil vi skjerpe regelverket for å motvirke trafikkfarleg åtferd, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Det er i hovudsak tre regelverksendringar samferdselsministeren no ønsker å sjå på:
Regjeringa vil også auke bruken av automatisk trafikkontroll.
- Vi veit at politikontroll er eit av dei mest effektive trafikktryggleikstiltaka vi har, og vi ønsker derfor forsterka innsats innanfor kontroll og handheving, seier samferdselsministeren.
Nullvisjonen for drepne og hardt skadde blir vidareført som eit av fem hovudmål i ny Nasjonal transportplan. Nullvisjonen blir no forsterka gjennom talfesta etappemål. Innan 2030 skal det vere maksimalt 350 drepne og hardt skadde i vegtrafikken, med maksimalt 50 drepne. I 2050 er målet at ingen skal omkomme i vegtrafikken i Noreg.
- Vi veit at årsakene til trafikkulykker er samansette, men sjåførens åtferd er ofte utslagsgivande. Høg fart, rus, uoppmerksamheit og risikoåtferd er gjengangarar som årsaker til trafikkulykker på norske vegar. For å nå etappemåla våre, må vi jobbe målretta og styrke innsatsen mot slik risikoåtferd og uoppmerksamheit, seier Nygård.
I ny Nasjonal transportplan har regjeringa valt å satse på tre hovudområde. I tillegg til kontroll og handheving, er også meir kampanjeverksemd og målretta infrastrukturtiltak på strekningar med trafikktryggleiksbehov regjeringas hovudinnsatsområde.
For fleire opplysningar - sjå: