Norwegian Offshore Directorate

07/10/2024 | Press release | Distributed by Public on 07/10/2024 00:01

Olje og gassfunn i Nordsjøen (35/10 12 S)

Olje- og gassfunn i Nordsjøen (35/10-12 S)

Brønnen er bora av leiteriggen COSLPromoter. (Foto: Wellesley Petroleum)

10.07.2024 Wellesley Petroleum har påvist olje og gass i avgrensingsbrønnen Gnomoria Appraisal (35/10-12 S) i Nordsjøen, om lag 100 kilometer sørvest for Florø.

Dette er den første avgrensingsbrønnen som er bora i utvinningsløyve 1184 S, som vart tildelt i TFO 2022. Brønnen er bora av leiteriggen COSLPromoter. Førebels berekning av storleiken på funnet er mellom 0,8 og 4 millionar standard kubikkmeter utvinnbare olje-ekvivalentar (Sm3 o.e.). Dette svarer til mellom 5 og 25 millionar fat o.e.

Gnomoria er i eit område med fleire andre funn. Rettshavarane vurderer å knyte funnet opp mot eksisterande infrastruktur i området.

Geologisk info

Formålet med brønnen var å påvise petroleum i øvre jura sandsteinar i Heatherformasjonen. Brønnen vart bora oppflanks kvar reservoarkvaliteten vart vurdert å vere betre for å avgrense Gnomoria-funnet frå 2018.

Brønn 35/10-12 S trefte ein gasskolonne på 11 meter og ein oljekolonne på 18 meter i Heatherformasjonen, i sandsteinslag på til saman 21 meter med dårleg til moderat reservoarkvalitet. Gass/olje-kontakten vart treft 3239 meter under havnivå. Olje/vass-kontakt vart ikkje treft.

Brønnen vart ikkje formasjonstesta, men det er utført omfattande datainnsamling og prøvetaking.

Brønn 35/10-12 S vart bora til eit vertikalt djup på 3346 meter under havflata (3805 meter målte djup under havflata), og vart avslutta i Heatherformasjonen i øvre jura.

Havdjupet er 363 meter. Brønnen er permanent plugga og forlaten.

Kontakt

Ola Anders Skauby

Direktør kommunikasjon, samfunnskontakt og beredskap

Tlf: 905 98 519

Oppdatert: 10.07.2024