Ministry of Local Government and Regional Development of the Kingdom of Norway

05/14/2024 | Press release | Distributed by Public on 05/14/2024 02:49

Meir rettferdig fordeling av kommunane sine inntekter

Meir rettferdig fordeling av kommunane sine inntekter

Pressemelding | Dato: 14.05.2024| Kommunal- og distriktsdepartementet

Regjeringa legg fram nytt inntektssystem for kommunane. Samtidig aukar regjeringen inntektene til kommunane. - Med dette sørger vi for at fleire kommuner kan gje dei eldre meir omsorg og ungane ein betre skulekvardag, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Målet med inntektssystemet er å sikre betre omfordeling mellom kommunane, slik at folk opplever gode og likeverdige tenester i heile Noreg. Inntektssystemet fordelar over 400 milliardar kroner til kommunane.

− Vi legg no til rette for at kommunar kan levere gode og likeverdige tenester til sine innbyggjarar. Folk skal vere trygge på at dei møter trygge barnehagar, gode skular og ei verdig eldreomsorg uansett kva for kommune dei bur i, seier Sande.

Samstundes som Arbeiderpartiet og Senterpartiet legg opp til meir omfordeling mellom kommunane, gir regjeringa 6,4 milliardar kroner meir til kommunane neste år.

Eit meir rettferdig system

Det viktigaste grepet er ei større utjamning av skatteinntektene. Det vert gjort gjennom å auke skatteutjamninga frå 60 prosent til 64 prosent. I tillegg vert utbytteskatten og delar av formuesskatten, som i dag går til kommunane, erstatta med ein større andel av inntektsskatt som er jamnare fordelt mellom kommunane.

− Vårt mål har vore å utjamne inntektsskilnadane mellom kommunane i større grad enn i dag og løfte dei skattesvake kommunane. No tek vi grep som gjer at dei skattesvake kommunane samla får nær 2 000 millionar kroner meir enn med dagens system, seier Sande.

Endringane vil gi meir stabile inntekter frå år til år og omfordele inntektene meir rettferdig mellom kommunane.

Meir av dei friske pengane til dei som har minst

Neste år får kommunesektoren 6,4 milliardar kroner i auka inntekter. I samband med omlegginga av inntektssystemet vil 1,5 milliardar av disse bli fordelt slik at dei skattesvake kommunane får ein større del enn dei skattesterke.

- Det er ein politisk prioritering at vi løftar dei som har minst frå før. Det vil gje ei varig styrking av kommuneøkonomien i dei kommunane som har lågast inntekter, seier Sande.

Gjeninnfører fullt basistilskot

Basistilskotet er eit tilskot som går til alle kommunar, og skal kompensere kommunane for grunnkostnaden ved å drive ein kommune. No gjeninnfører regjeringa fullt basistilskot.

− Vi har heile tida sagt at vi vil fjerne ordninga med gradert basistilskot, som Solberg-regjeringa innførte for å tvinge fleire kommunar til å slå seg saman, seier Sande.

Regjeringa foreslår å endre nokon av dei ulike regionaltilskota i inntektssystemet. Dagens distriktstilskot og storbytilskot blir ført vidare, medan vi avviklar regionsentertilskotet som vart innført som ein del av kommunereforma. Veksttilskotet blir vidareført, men blir kraftig redusert i omfang.