Government of Norway

04/24/2024 | Press release | Distributed by Public on 04/24/2024 00:35

Millionar til FN sitt matvareprogram – til bruk der det trengst mest

Noreg overfører 430 millionar kroner til FN sitt matvareprogram (WFP). Pengane gjer FN-organisasjonen i betre stand til å stanse svolt i gløymde krisar eller raskt trappe opp livreddande innsats.

Å få bukt med svolt er ein av vår tids store utfordringar. Over 300 millionar menneske er akutt mat-usikre. Det betyr at dei ikkje veit når eller korleis dei skal få sitt neste måltid. Heile 45 millionar barn under fem år lid av alvorleg feil- og underernæring, ifølgje FN.

- Verda må ta kampen mot svolt og vi må vinne. Konsekvensane av svolt, både for land og folk, er for alvorlege til å la vere. Barn som er underernært over lengre tid vil ikkje utvikle seg normalt og kan få uopprettelege hjerneskadar. Manglande mattryggleik hindrar økonomisk utvikling og kan føre til meir konflikt, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Pengane som Noreg no gir til WFP er kjernestøtte. Kjernestøtta kan WFP bruke der behova er størst. Det kan vere krisar som i Gaza, der éin av fire er ramma av ekstrem svolt. Det kan vere underfinansierte svoltkrisar som i Sudan, der fem millionar menneske er på randa av hungersnød. Med 430 millionar kroner frå Noreg kan WFP til dømes gi 2,5 millionar menneske i Sudan daglege rasjonar av mat eller kontantoverføringar i ein månad. Fleksible pengar kan òg gå til å førebyggje framtidige matkrisar for utsette grupper.

- WFP er eit av våre viktigaste verktøy i kampen mot svolt. Ofte er WFP den internasjonale organisasjonen som er først på plass når krisen rammar og den som blir igjen til sist. Gjennom partnarar som WFP vil regjeringa både redusere akutt svolt og bidra til auka lokal matproduksjon. Norsk støtte bidreg til at lokalsamfunn produserer meir mat sjølv, og er betre rusta til å handtere nye konfliktar og klimaendringar, seier Tvinnereim.

WFP er den største humanitære organisasjonen i verda og er til stades i over 120 land og jobbar ofte under krevjande forhold. I 2022 utgjorde fleksible midlar 9 prosent av WFPs inntekter. Fleksible pengar var særleg viktige for innsats mot svolt i mellom anna Somalia, Afghanistan, Haiti, Sør-Sudan og Etiopia.