Ministry of Education and Research of the Kingdom of Norway

05/27/2024 | Press release | Distributed by Public on 05/27/2024 00:36

Presseinvitasjon: Regjeringa lanserer leselyststrategien

Presseinvitasjon:

Regjeringa lanserer leselyststrategien

Pressemelding | Nr: 23/24 |Dato: 27.05.2024| Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet

Onsdag 29. mai lanserer kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun den nye leselyststrategien på Litteraturfestivalen i Lillehammer.

Tid: Onsdag 29. mai kl. 12:00-12:30
Sted:
Lillehammer bibliotek, Wieses gate 2 A
Påmelding for presse: Send namn og telefonnummer til [email protected] innan 29. mai kl. 10:30.

Kultur- og likestillingsministeren og kunnskapsministeren vil vere tilgjengelege for intervju.

Barn og unge i Noreg har lågere leselyst og dårlegare leseferdigheiter enn før. Det viser dei internasjonale undersøkingane PISA og PIRLS. Denne trenden vil regjeringa snu. Derfor legg dei no fram ein helt ny strategi, som skal auke leselysta og leseferdigheitene til barn og unge.

Program

  • Kultur- og likestillingsministeren og kunnskapsministeren presenterer strategien
  • Framsyning av Boklek-prosjektet med forfattar Marianne Sundli og førsteklassingar
  • Festivalsjef Marit Borkenhagen fortel om Boklek og andre lokale leselystprosjekt