Ministry of Culture and Equality of the Kingdom of Norway

05/07/2024 | Press release | Distributed by Public on 05/07/2024 01:24

Full momskompensasjon til idrettsanlegg

Full momskompensasjon til idrettsanlegg

Pressemelding | Nr: 20/24 |Dato: 07.05.2024| Kultur- og likestillingsdepartementet

Lotteri- og stiftelsestilsynet utbetalar i desse dagar 305,6 millionar kroner i kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg.

- Ordninga med momskompensasjon bidrar til at fleire barn og unge kan delta i idrett og aktivitet uavhengig av kor dei bur. Eg er glad for at vi også i år kan utbetale full kompensasjon til alle dei 567 godkjente søknadane om kompensasjon for utgifter til meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

- At fleire kan delta er ein hovudprioritet for regjeringa og dei lokale idrettsanlegga er difor svært viktige. Full momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg gjer lokale idrettslag og foreiningar over heile landet betre stilt til å legge til rette for aktivitet, seier kultur- og likestillingsministeren.