The Office of the Prime Minister of Norway

05/03/2024 | Press release | Distributed by Public on 05/03/2024 03:59

Statsministeren til Stockholm på nordisk-tysk toppmøte

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Stockholm på nordisk statsministermøte 13. mai, der Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz også deltek.1

Presse som ønskjer å dekkje møtet, må akkreditere seg innan 8. mai til det svenske Regeringskansliet på denne lenka.

Eit detaljert presseprogram vil bli sendt til akkrediterte journalistar i forkant av toppmøtet.

Sjå meir informasjon om arrangementet.

Kl. 12.30 Nordisk lunsj med representantar frå næringslivet i dei nordiske landa, med tema nordisk konkurranseevne. Stad: Skeppsholmen hotel

Kl. 14.30 Foto - gruppebilde. Tid til presse.

Kl. 15.30 Felles avreise til Ericssons hovudkvarter i Kista.

Kl. 16.00 Dei nordiske statsministrane tek imot forbundskanslar Olaf Scholz ved hovudinngangen. Fotoopsjon.

Kl. 16.05 Felles besøk hos Ericsson med tema hybride trugsmål, sivil beredskap og nye teknologiar. Høve til å fotografere og filme dei første 20 minutta.

Kl. 17.30 Felles avreise til Hotell Skeppsholmen.

Kl. 17.55 Felles pressekonferanse på Hotell Skeppsholmen, Officersmässen.

(Høve til separatintervju med statsministeren i etterkant.)

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post [email protected].