04/26/2024 | Press release | Distributed by Public on 04/26/2024 01:38
Pressemelding | Dato: 26.04.2024| Kunnskapsdepartementet
Det er stadig fleire som vil ta høgare yrkesfagleg utdanning. I år er det 2300 fleire søkarar til fagskulane gjennom Samordna opptak. Det er ein oppgang på rundt 17 prosent frå i fjor.
- Det er veldig bra at endå fleire får opp auga for fagskuleutdanningane. Dette er utdanningar som lèt seg kombinere med jobb og som er etterspurt i arbeidslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
Fagskular tilbyr yrkesretta utdanningar over heile landet. Til saman har 15 742 personar søkt ei fagskuleutdanning gjennom Samordna opptak.
Det er flest førstevalssøkarar til utdanningsområde innanfor teknologiske fag og helsefag.
- Vi veit at meir kompetanse for dei som jobbar innan helse- og omsorg er viktig for å kunne gje gode helsetilbod framover. Difor er det veldig bra at fagskulane utviklar tilbod som det er aukande behov for i arbeidslivet, seier Hoel.
Lokførarutdanninga er den enkeltutdanninga med flest søkarar, og over 24 søkarar per studieplass. Hakk i hæl kjem den nye brann- og redningsfagskulen, med over 11 søkarar per plass.
Nett- og samlingsbaserte fagkuleutdanningar er populære. 61,2 prosent har ei slik utdanning som sitt førsteval.
Det har dei siste åra vore ein kraftig vekst i høgare yrkesfagleg utdanning. Dei siste fem åra har talet på studentar i fagskulane dobla seg, og aldri før har det vore tilbode fleire studieplassar.
- Vi satsar på fagskulane og har i år satt av 20 millionar kroner til 500 nye studieplassar. Vårt mål er at fagskulesektoren skal fortsette å vokse i tråd med behovet i arbeidslivet, seier Hoel.
Samla har denne regjeringa løyvd midlar til 1500 nye studieplassar. Regjeringa er også i gang med ei ny stortingsmelding om korleis fagskulane kan spela ei endå viktigare rolle i å møte kompetansebehovet i arbeidslivet framover.