Ministry of Defence of the Kingdom of Norway

04/19/2024 | News release | Distributed by Public on 04/19/2024 04:23

Historisk podkast om ei historisk forsvarsstyrking

Historisk podkast om ei historisk forsvarsstyrking

Nyheit | Dato: 19.04.2024| Forsvarsdepartementet

For første gong har regjeringa publisert ein Stortingsproposisjon som podkast. Heile regjeringa har vore med på å spele inn podkasten, som har 3000 nedlastingar etter to veker.

Forstørr bilete Regjeringa publiserte langtidsplanen for Forsvaret i podkastformat 5. april, same dagen som proposisjonen blei presentert av forsvarsministeren, statsministeren og finansministeren på KV Bjørnøya. Foto: Kontoret til statsministeren

Podkasten "Forsvarsløftet - for Norges trygghet" er ei innlesing av regjeringa sitt forslag om å bruke totalt 1624 milliardar kroner på forsvaret av Noreg dei neste 12 åra. Dette er ei auke på 600 milliardar, og eit historisk løft for Forsvaret.

Podkasten blei tilgjengeleg samstundes som proposisjonen blei offentleg fredag 5. april. Podkasten er lasta ned om lag 3000 gonger. Det er meir enn fire gonger så mange som har skaffa seg den trykte versjonen.

- Eg håpar podkasten bidreg til at vi når eit breiare publikum og aukar engasjementet rundt Forsvaret. Det er viktigare enn nokon gong at folk forstår kvifor og korleis vi styrkjer forsvaret av Noreg. Vi investerer no tungt i vår felles tryggleik, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Innleiinga er lese inn av statsminister Jonas Gahr Støre. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og resten av statsrådane i regjeringa har lese inn andre delar av dokumentet.

Du kan lytte til podkasten på: